Eivor og Øyvor er kvinnenamn av norrønt opphav. Eivor har namnedag den 24. oktober i Noreg og den 6. juni i Sverige.

Det norrøne Eyvǫr er sett saman av urnordisk auja, 'lukke, gåve', og norrønt vǫr, 'forsiktig', eller urnordisk *warjaR, 'den som verjer'. Andre skrivemåtar er Eyvor, Øivor og færøysk Eivør, Oyvør.

Namneberarar Eivor Bergum (f. 1946), norsk forfattar Øyvor Dalan Vik (f. 1966), norsk journalist Eivor Vindenes (f. 1971), norsk forfattar Øyvor Bakke (f. 1975), norsk journalist og programleiar Eivør Pálsdóttir (f. 1983), færøysk artist Eivor Evenrud (f. 1982) norsk politikar

Kjelder

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Norrøne førenamn