Super Mario Land 2: 6 Golden Coins er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Game Boy. Det er ein oppfølgjar til Super Mario Land frå 1989 og vart gjeve ut i Japan oktober 1992, i Nord-Amerika november 1992 og i Europa januar 1993. Spelet vart gjeve ut på nytt til Nintendo 3DS gjennom Virtual Console i 2011.

Super Mario Land 2 er utvikla av regissør Hiroji Kiyotake i staden for skaparen av Mario-serien, Shigeru Miyamoto. Musikken vart komponert av Kazumi Totaka, og er eit av dei tidlegaste verka hans. Den korte signatursongen hans, «Totaka's Song», er gøymt i spelet og kan høyrast på Game Over-skjermen etter 2 minuttar og 30 sekundar.

I Super Mario Land 2 tek spelaren rolla som Mario. Han vil vinne attende slottet sitt som har vorte stole av Wario, ein illkyndt dobbeltgjengar av Mario. For å kome inn i slottet, må Mario samle seks gylne myntar som er vakta av følgjesmennene til Wario i ulike soner på øya Mario Land. Etter å ha samla alle myntane, får Mario tilgjenge til slottet og kan nedkjempe dobbeltgjengaren. Super Mario Land 2 er kjent som spelet der figuren Wario debuterer. Han vart seinare hovudperson i biproduktet Wario Land-serien, som startar med oppfølgjaren Wario Land: Super Mario Land 3.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (på japansk)

Kategori:Dataspel frå 1992 Kategori:Game Boy-spel Kategori:Mario-plattformspel Kategori:Spel av Nintendo R&D1 Kategori:Virtual Console-spel til Nintendo 3DS