Lars Samuel Myhrer Evensen (), fødd i Drøbak, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet) og fagforeiningsmann. Han var formann for kjøttarbeidarforbundet frå 1927, sekretær i LO frå 1934 og nestformann i 1939. Saman med formann Konrad Nordahl var Evensen blant dei fremste talspersonane for å konfrontere okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen og blei fråteken vervet sommaren 1940.

Etter mjølkestreiken og forsøket på nazifisering som ramma LO hausten 1941 drog Evensen til Sverige der han spelte ei leiande rolle i arbeidarpartimiljøet.

Etter krigen blei han handelsminister i Gerhardsen si samlingsregjering i 1945, og mellom 1947 og 1953 var han industriminister. Mellom 1954 og 1957 sat han på Stortinget. Han var fylkesmann i Vest-Agder mellom 1954 og 1966.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske industriministrar Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Torp Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Lokalpolitikarar i Lørenskog Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Fylkesmenn i Vest-Agder Kategori:Folk frå Frogn