Leganés er ein by sentralt i Spania. Han er ein del av storbyområdet rundt Madrid og er i røynda ein arbeidarklasseforstad med kring 195 000 innbyggjarar. Han ligg 10 km sørvest for sentrum av Madrid.
Det ligg ei avdeling av Universidad Carlos III i byen, grunnlagd i 1989.
Parquesur er eit av dei største kjøpesentra i Europa og ligg i Leganés.
Leganés har ei gate som heiter AC/DC til ære for det australske rockebandet AC/DC. Bandet vitja byen for å innvie gata. Gateskiltet vart ofte stolen, før byrådet valde å måle det på ein vegg i staden for å erstatte skiltet om att og om att.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leganés» frå , den 13. november 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Regionen Madrid Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet Kategori:Skipingar i 1280