Arbeids- og administrasjonsdepartementet er eit tidlegare norsk departement.

Det vart oppretta frå 1. januar 1990 med Kristin Clemet som den første statsråden. Departementet vart oppretta med arbeidsoppgåver frå dei tidlegare Forbrukar- og administrasjonsdepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Departementet hadde ansvaret for modernisering av offentleg sektor, eit samla ansvar for konkurransepolitikken, koordinering av IT-politikken, leiarutvikling, organisasjonsutvikling og omstilling i forvaltinga, servicefunksjonar for departementsfellesskapet og statleg sektor elles, og varetaking av det statlege arbeidsgjevaransvaret.

Historie Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet 1. januar 1990 - 31. desember 1992 Administrasjonsdepartementet 1. januar 1992 - 31. desember 1996 Planleggings- og samordningsdepartementet 1. januar 1997 - 31. desember 1997 Arbeids- og administrasjonsdepartementet 1. januar 1998 - 1. oktober 2004 Moderniseringsdepartementet 1. oktober 2004 - 31. desember 2005 Fornyings- og administrasjonsdepartementet 1. januar 2006 - 31. desember 2009 Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet 1. januar 2010 -

Kjelder Arbeids- og administrasjonsdepartementet hos Regjeringen.no

Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:Skipingar i 1990 Kategori:1990 i Noreg