Vestnes kommune er ein norsk kommune som ligg på sørsida av Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Rauma i aust, til Stordal og Ørskog i sør, og til Skodje og Haram i vest. Nord for Moldefjorden ligg Molde kommune. Kommunen vart danna i 1964 då kommunane Vestnes og Tresfjord vart slåtte saman.
Vestnes kommune har fire tettstader; kommunesenteret Vestnes, Tomrefjord, Tresfjord og Fiksdal. I tillegg har kommunen bygdene Rekdal, Øverås/Nerås, Daugstad og Vikebukt.
Kyrkjer mini|venstre|Vestnes kyrkje Vestnes kyrkje ligg på Helland i Vestnes, administrasjonssenteret. På andre sida av Tresfjorden ligg Vike kyrkje på Vike (Vikebukt). Tresfjord kyrkje ligg lengst inn i Tresfjorden og i Fiksdal ligg Fiksdal kyrkje.
Næringsliv Vestnes er i hovudsak ein industrikommune, men er òg ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt på husdyrhald og mjølkeproduksjon. Den viktigaste bransjen i Vestnes kommune er skips- og båtbygging. Elles har kommunen bedrifter innan næringsmiddel-, tekstil- og beklednings-, trevare-, møbel- og metallvareindustri, og produksjon av mineralske produkt.
E136 frå Ålesund og Sjøholt går langs Tresfjorden og vidare til Åndalsnes og Dombås. Frå E136 går E39 (Kristiansand–Trondheim) til Vestnes og herfrå går fylkesveg 661 til Tomrefjord og vidare langs vestsida av Tomrefjorden til Vatne i Haram. Det er ferjesamband med Molde frå Furneset på E39, og hurtigbåtsamband mellom Molde, Vestnes og Vikebukt.
Folketalsutvikling + Folketalsutvikling for noverande Vestnes kommune frå 1899: 1.1.1899Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1910"Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Vestnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Tresfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3756 3857 3985 4044 4776 4901 5195 5637 6289 6413 6486 6506
mini|Vestnes poststasjon på siste halvdelen av 1800-talet
Kjende folk frå Vestnes kommune Mali Furunes (1888–1968), skodespelar, folkedansinstruktør, forteljar og innsamlar av draktskikkar (bunader) i Romsdal. Kjetil Rekdal, fotballtrenar Bjørn Rune Gjelsten, investor Jakob Kjersem, langdistanseløpar Paul Gåsøy, biletkunstnar Knut Marius Djupvik, musikar Bjørn Tomren, musikar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Romsdal