Nærings- og energidepartementet er eit tidlegare norsk departement.
Det vart skipa 1. januar 1993 under Gro Harlem Brundtland si tredje regjering, ved ei samanslåing av Næringsdepartementet og Olje- og energidepartementet.
Nærings- og energidepartementet vart nedlagt 31. desember 1996 under Regjeringa Jagland. Frå 1. januar 1997 vart det erstatta av Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet.
Historie Nærings- og energidepartementet har røter tilbake til 1846 med Departementet for det Indre.
Andre departement med ansvar for næringssaker: Industridepartementet frå 6. desember 1947 til 31. desember 1988 Næringsdepartementet frå 1. januar 1989 til 31. desember 1992 Nærings- og energidepartementet frå 1. januar 1993 til 31. desember 1996 Nærings- og handelsdepartementet frå 1. januar 1997
Kategori:1993 i Noreg Kategori:Skipingar i 1993 Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:Nedleggingar i 1996