mini|Nakuru-sjøen, der det er funne mange eburranspor. Eburran er namnet på ein austafrikansk reiskapstradisjon frå steinalderen. Han omfattar funn frå 13 000 f.Kr. og seinare. Det er særleg funne spor etter han rundt Nakurusjøen i Ol Doinyo Eburru-vulkankomplekset i Riftdalen i Kenya. Ein har funne reiskapar laga av det vulkanske glaset obsidian ved Gambles-hòla. Kulturen var ei tid kjend som «kenyansk capsien», ettersom funna minner om den nordafrikanske capsienkulturen. Seinare har ein likevel kome til at dei er sjølvstendige frå kvarande.

Eburran blir delt inn i fem fasar: Fase 1, tok til for rundt 12 000 år sidan, der ei kort tid med fuktig klima blei avløyst av tørt klima Fase 2, frå rundt 9–10 000 år sidan, då klimaet blei svært fuktig Fase 3, frå rundt 8 000 år sidan Fase 4, frå rundt 6–7 000 år sidan, med ujamnt tørrare klima Fase 5, frå rundt 5 000 år sidan, då klimaet var mykje tørrare enn no. I denne perioden finn ein også keramikk (Nderit og Ilderet) og etterkvart også husdyr på stader med eburran-verktøy.

Eburranfolk før fase 5 livnærte seg derimot av jakt og sanking. Rundt år 700 fann det stad ein overgang frå gjetar-neolittisk kultur til gjetar-jernalder i området.Ambrose, Stanley H. (1998): Chronology of the Later Stone Age and food production in East Africa. Journal of Archaeological Science, 25 (4): 377-392, doi: 10.1006/jasc.1997.0277, PDF.

Kjelder

Kategori:Austafrikansk historie Kategori:Kenyansk historie Kategori:Steinalderen Kategori:Riftdalen