Norske kulturbygg var ein samarbeids- og tenesteorganisasjon for lagsbruka i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, for ungdomshusa i Noregs Ungdomslag og eit kompetansesenter for organisasjonseigde kulturbygg / kulturarenaer. Lagsbruk vil seie ei forretningsverksemd driven av eit lag eller ein organisasjon.
Norske kulturbygg var ei vidareføring av organisasjonen som vart skipa som «Lagsbruksnemnda» i 1949 og vart ein frittståande organisasjon under namnet «Lagsbruksamskipnaden» frå 1979. Namnet vart endra til «Norske Lagsbruk» i 1997 og til «Norske kulturbygg» i 2009.
På ekstraordinært årsmøte 13. oktober 2012 vedtok årsmøtet å leggje ned organsisasjonen innan utgangen av året. Ved avviklinga var to landslag – Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag (med meir enn 300 ungdomshus) – og seks lagsbruk medlemmer i organisasjonen. Blant desse lagsbruka var kaffistovene og bondeheimane som høyrde rørsla til.
Hovudkontoret låg i Oslo. Siste daglege leiar var Anders Slaatsveen.
Kjelder Kulturminneåret 2009 Pressemelding frå Norske kulturbygg august 2012.
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Norske kulturbygg lagsbygg.no Kategori:Målrørsla