Strahlhorn er eit 4 190 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i nærleiken av Saas-Fee, i kantonen Valais, berre få kilometer frå grensa mot Italia.

Strahlhorn ligg mellom fjellmassiva Mischabel og Monte Rosa. Britanniahütte på 3 030 meter over havet er eit vanleg utgangspunkt for ein tur til toppen av fjellet.

15. august 1854 kleiv Christopher Smyth, Ulrich Lauener, Edmund J. Grenville og Franz Andenmatten til topps på Strahlhorn, som dei aller fyrste.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Strahlhorn» frå , den 22. november 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais