Sonal og meridional er to uttrykk for å skildre retningar på ein klode. Sonal tyder «langs ein breiddegradssirkel» eller «i aust-vest-retninga», medan meridional tyder «langs ein meridian» eller «i nord-sør-retninga».
Desse uttrykka er ofte nytta i meteorologi og geofysikk for å skildre globale fenomen, som «meridional luftstraum» eller «sonal temperatur».
For vektorfelt (som vindsnøggleik) er den sonale komponenten (eller x-koordinaten) skrive som u, medan den meridionale komponenten (eller y-koordinaten) vert skrive som v.
Uttrykke meridional, stundom forkorta til «Mer.», vart nytta i historisk astronomi for å vise sørleg retning på ein klode, i lag med septentrional («Sep.») for nordleg, oriental («Ori.») for austleg og oksidental («Occ.») for vestleg.Hooke, Robert. 1666. Volume 1. Philosophical Transactions
Sjå òg Meridional straum Sonal straum Sonal og poloidal Meridion
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zonal and meridional» frå , den 25. november 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Orientering