Solveig Muren Sanden () var ein norsk teiknar og illustratør.

Solveig Muren var dotter til læraren Olav Muren, opphavleg frå Sande på Sunnmøre, som alt frå hennar tidlege barneår busette seg i Vrådal i Kviteseid og skulte der i lang tid. Sjølv gjekk ho Kunst- og handverkskulen i Oslo. På Statens Kunstakademi spesialiserte ho seg på måling.

Ho tok over som teiknar av juleheftet Tuss og Troll i 1957, og Smørbukk i 1959, etter Jens R. Nilssen. Ho leverte nye teikningar til Tuss og Troll til ho var over 90 år gammal.

Utmerkingar Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur, 1973 for arbeidet med Smørbukk og Tuss og Troll. Heidersmedlem i Smørbukks vener.

Kjelder Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004 Kyrkjebok for Vrådal i Kviteseid 1917-1937

Kategori:Folk frå Kviteseid Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske teikneserieskaparar