Rolf Myklebust. ()Fylkesleksikon Sogn og Fjordane var ein norsk fiolinist, kapellmeister og programskapar.

Liv og gjerning Myklebust var frå Stryn, der faren var skreddar og felespelar. Rolf tok utdanning ved Musikkonservatoriet i Oslo, og hos konsertmester Gustav Fredrik Lange. Han debuterte i 1931 og gav i åra etter konsertar kring om i landet. Myklebust var lærar i felespel på Musikkonservatoriet frå 1935 til 1952. Han var 1. fiolinist i Oslo-Filharmonien frå 1940 til 1952 da han måtte gje opp musikarkarrièren grunna ein skade i venstrehanda. Myklebust leia sitt eige orkester frå 1945 til langt ut på femtitalet. Rolf Myklebusts ensemble og Turdansensemblet spela òg inn grammofonplater med turdansar. Verksemda vart ført vidare i mellom anna Kai Angel Næsteby s ensemble.

Myklebust vart i 1952 tilsett som programsekretær i Norsk Rikskringkasting NRK, med ansvar for folkemusikken. Denne avdelinga leia han fram til 1978, og samla i desse år inn over tretti tusen lydopptak. Alle åra leia han programposten Folkemusikkhalvtimen.

Myklebust budde og døydde i Oslo.

Prisar Kongens fortenestmedalje i gull, 1978 Kringkastingsprisen, 1978 Sogn og Fjordane fylkeskulturpris Æresmedlem i Norsk Musikerforbund og Landslaget for spelemennartikkel fra Store Norske Leksikon

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Bokmålswikipedia Norsk Allkunnebok, VIII. bandet, 1957-58

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Rolf Myklebust i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske felespelarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:NRK-tilsette Kategori:Folk frå Stryn Kategori:Forfattarar frå Stryn Kategori:Norske sakprosaforfattarar