Piz Argient er eit 3 945 m høgt fjell i Berninafjella i Alpane. Grensa mellom Sveits og Italia går over fjelltoppen.

Fjellet er omkransa av isbrear på alle kantar. Nord for fjellet strekker Morteratschbreen seg, i vest Øvre Scerscengletscher, og i sør og aust ligg Fellaria-breen. Topp er skild frå grannetoppane Piz Zupò i aust av skaret Fuorcla dal Zupò (3 851 m) og frå Crast' Agüzza i nordvest av Fuorcla da l'Argient (3 705 m).

Toppen vart vitja fyrste gongen i 1869. Eit fylgje på fem beståande av turistane Seiler og von Seldeneck i lag med fjellførarane Christian Grass og J. B. Walther og ein ikkje namngjeven gemsejeger, kleiv opp.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Argient» frå , den 13. desember 2009.

Bakgrunnsstoff Berninagruppa på SummitPost

Kategori:Berninafjella Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Graubünden Kategori:Fjell i Lombardia Kategori:Internasjonale fjell i Europa Kategori:Engadin