Inverclyde (skotsk-gælisk Inbhir Chluaidh) er ein av 32 regionar i Skottland. Han grensar til Renfrewshire og North Ayrshire og er elles omgjeve av Firth of Clyde. Inverclyde er ein av tre regionar innanfor grensene til det historiske Renfrewshire, i lag med East Renfrewshire og eit mindre Renfrewshire-område. Det eldre Renfrewshire finst framleis som tradisjonelt grevskap og statthaldarskap som omfattar Inverclyde.
Inverclyde var frå 1975 til 1996 eit distrikt i Strathclyde region. Før 1975 låg det i grevskapet Renfrewshire.
Regionen er eit av dei minste av dei 32 regionane både i areal (29. største) og folketal (27. største).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inverclyde» frå , den 14. desember 2009.
Bakgrunnsstoff