Piz Medel er eit 3 210 meter høgt fjell i Adula-massivet i Lepontin-Alpane i Sveits. Fjelltoppen ligg på grensa mellom kantonane Ticino og Graubünden.

Fjelltoppen er den høgste av fire nesten jamhøge grannetoppar. Dei tre andre er Pizzo Cristallina (3 128 m), Pizzo Uffiern (3 151 m) og Cima di Camadra (3 172 m).

Medelserhütte på 2 524 moh. er utgangspunkt for ein topptur på nordsida av fjellet. På sørsida er Capanna Scaletta på 2 205 moh vanleg utgangspunkt.

Nordsida av fjellet er for ein stor del dekt av ein isbre, medan sørsida består av berg og litt urd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Piz Medel» frå , den 14. desember 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Ticino Kategori:Fjell i Graubünden