Vormedalsheia landskapsvernområde (120 km²) og Lusaheia landskapsvernområde (122 km²) blei oppretta ved kongeleg resolusjon av 19. april 1991. Føremålet med vernet av Vormedalsheia er «å ta vare på eit særmerkt og vakkert landskap som gjev eit godt tverrsnitt av Ryfylkenaturen frå fjord til høgfjell, og som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.» Vormedalsheia og Lusaheia er rekna for å vera av dei mest verneverdige fjellområda i Rogaland.

Vormovassdraget, som er ein vesentleg del av området, blei gjennom verneplan II for vassdrag varig verna mot kraftutbygging 30. oktober 1980. det var i samband med verneplan II Stortinget forutsatte at også verneverdiane i nedbørssfeltet måtte sikrast.

Øyastølsmyra ligg innanfor Vormedalsheia landskapsvernområde, og Øyastøl naturreservat blei oppretta ved kongeleg resolusjon av 12. desember 1986.

Namnbruken i teksten kan virke forvirrande da det ikkje er samanfall mellom namnet slik det blir brukt lokalt og slik det blir brukt på landskapsvernområdet. Vormedalsheia er eit nytt namn som blir brukt om heia som høyrer til gardane i Vormedalen og på Fundingsland.

Vormedalsheia landskapsvernområde er avgrensa av Jøsenfjorden i nord og vassdraget gjennom Tengesdal og Norddalen i sør. I aust er landskapsvernområdet avgrensa av Grasdalen, Øvredalen og Stølsdalen. Vestgrensa går opp Oksagjuvet, langs nordbreidden av Djupadalsvatnet, Litlevikvatnet og Funningslandsvatnet, vidare i ein boge vest for Kaldavatnet, aust for Liarstølvatnet, nord for Liarstrandvatnet og Vassbotnvatnet, langs vestgrensa av Øyastølsmyra naturreservat, aust for Ritland, Kløv og Helgaland og ned til utlaupet av Helgalandselva. Stølsdalen–Grasdalen ligg som ein korridor mellom Vormedalsheia og Lusaheia, og er ikkje tatt med i landskapsvernområda grunna dei omfattande inngrepa som har skjedd i samband med Ulla-Førreutbygginga. Området blir likevel omtalt i forvaltningsplanen da det naturleg høyrer ihop med området rundt, og ikkje utgjer noko sjølvstendig område.

Geologi og landskap Fjellgrunnen i Vormedalsheia er prega av ei klar tredeling av bergartane, noko som er typisk for dei nordaustlege delane av Ryfylke. Denne tredelinga kjem tydeleg til uttrykk i dei karakteristiske fjellsidene i området, til dømes i området Kleivaland-Kvanndal og på austsida av Øyastølsmyra.

Underst ligg grunnfjellet som pregar det meste av Ryfylkeheiane. Grunnfjellet er stort sett samansett av næringsfattige gneisar og granittar som forvitrar langsamt og gir dårleg jordsmonn. I slutten av jordas urtid (prekambrium, ca. 600 mill. år sidan) blei grunnfjellet tært ned av naturkreftene til ein relativt flat slette, det subkambriske peneplan.

Peneplanet blei oversvømt av havet i jordas oldtid (kambrium, ordovicium og silur, ca. 600-400 mill. år sidan). Oppå grunnfjellet blei det avsett lausmassar som seinare blei omdanna til bergartar. Desse finn ein i dag att som sandstein og fylitt og som konglomerat ved Stråpastøl og Ritland. Dei fleste stader i Ryfylke er desse kambrosilurske bergartane omdanna av trykk og temperatur slik at ein ikkje kan finne fossile plante- og dyrerester. Den einaste staden i Rogaland der ein kan finne fossil er i fylitten aust for Ritland. Dei kambrosilurske bergartane har høgt innhald av næringssalter, forvitrar lett og gir eit godt jordsmonn.

Under den kaledonske fjellkjedefoldinga som skjedde for ca. 395 mill. år sidan, blei store grunnfjellsflak pressa opp og skove over dei yngre kambrosilurske bergartane. Desse flaka blei omdanna til gneisar og kvartsittar under foldinga, som på same vis som grunnfjellet forvitrar seint. Det ein finn att av skiferbergartane og skyvedekket i dag etter millionar av år med erosjon, har oftast form av såter oppå grunnfjellsplatået, med bratte kantar og velutvikla urer. Såteforma får dei fordi erosjonen føregår raskare i skiferbergartane enn i skyvedekket som ligg som eit beskyttande lag oppå. Denne lagdelinga ser ein tydeleg ved blant anna Vassbotnvatnet og Bjørnabu.

I kvartærtida (dei siste 1,5 mill. åra) har landskapet blitt omdanna radikalt. Denne perioden har vore prega av ein serie istider. Mange markerte landskapsformer som i dag pregar landskapet, blei danna under og like etter den siste istid (ca. 70.000-8.000 år sidan).

Isens arbeid har ført til at det meste av høgfjellsplatået er eit snauslipt, bortimot vegetasjonslaust landskap.

I dei små forseinkingane som blei danna har det samla seg vatn. Eit typisk trekk for høgfjellsplatået i Ryfylke, er alle desse vatna og pyttane som ein finn i Vormedalsheia og Lusaheia.

Isen har vidare skore ut eit system av dalar i grunnfjellsplatået som stort sett følgjer sprekksonene. Der sprekksystema har gått parallelt med retninga isbreen har bevega seg i, har erosjonen vore spesielt kraftig. Jøsenfjorden, Tysdal-Norddal, Djupadalen og Kvanndalen er typiske døme på den enorme evna isen har til å erodere.

Det er også mange døme på landskapsformer som blei danna da isbreen smelta for 6.000-10.000 år sidan. Grusrygger frå Ra-tida finn ein blant anna ved Vassbotnvatnet, nord for Vikestølsheia og på Storheia. Etter Ra-perioden gjorde isen eit nytt framstøyt for om lag 9700-9900 år sidan. Det nye stadiet vart kalla Trollgarden-trinnet. Den mektige Trollgarden, som ligg aust i Vormedalsheia, er ein imponerande fleire km lang og opptil 7m høg skarp morenerygg, som består av steinblokker som varierer i storleik frå ein fotball til eit hus.

Smeltevatnet frå isen og elvane har fortsett å erodere der breen byrja. Lausmassar har blitt frakta og avsett av elvane, terrasser og delta har blitt danna. Den elveerosjonen som har skjedd etter istida har ikkje makta å endre dei store formene og dominerande landskapstrekka i området. Likevel har elvene sett sitt preg på landskapet, som til dømes elvegjel nedanfor Stropastølsvatnet og Vassbotnvatnet, og elvevifter ved Bjørnabu og Øyastøl.

Vegetasjon Kjennskapen til floraen varierer sterkt for dei ulike delområda. Myrene og fjellplantene i dei sentrale delar av Vormedalsheia er godt kjende. For resten av Vormedalsheia er kjennskapen middels, mens det er dårleg for Lusaheia og Djupedalen-Tysdalen-Norddalen.

Skog er utbreidd i den vestre halvdel av Vormedalsheia.

Skogvegetasjonen består for det meste av lyngfuruskog og bjørkeskog. Den grunnlendte, fattigaste furuskogen er open, lågvaksen, fuktig og rik på mose, og artar som røsslyng og blokkebær dominerer. På relativt tørre morenar som t.d. ned mot Kleivaland, veks høgvaksen furuskog der blåbær dominerer, saman med artar som einstape og blåtopp.

I fuktige baklier og stader med sigevatn dominerer bjørk. Slike bjørkelier er fint utvikla vest for Øyastølsmyra. Den fattigaste utforminga dekker dei slakare delane av lia. Blåbær dominerer, men planter som frytle, skrubbær, linnea og fugletegl er vanlege. I tresjiktet veks spreidde furutre. I noko brattare parti er tilførsla på sigevatn større, og gauksyre, hengeveng og skogburkne kjem inn i tillegg.

I nokre sig finn ein rikare bjørkeskog med artar som skogstorkenebb, kvitbladtistel, skogfiol og jordbær. Ned mot myra er denne bjørkeskogen sterkt beitepåverka og grasrik, med innslag av gråor i tresjiktet. Her finn ein også busker av lappvier og sølvvier. Dette gjev skogen eit svakt subalpint preg som ein sjeldan finn i Rogaland. Aust for Øyastølsmyra finn ein liknande grasrike bjørkeskogar.

Edellauvskog finn ein berre i små bestandar, mellom anna i lia mot Jøsenfjorden og ved Trodla-Tysdal. Skogsområda er brotne opp av heiar, for ein stor del fuktheiar med klokkelyng, bjønnskjegg, rome, heisiv, blåtopp og røsslyng. Men røsslyng-blokkebærheiar er òg vanleg, og på ryggane inngår det gjerne rypebær og greplyng.

Barskoggrensa ligg i overkant av 500 m.o.h., mens fjellbjørkeskogen strekkjer seg eit par hundre meter høgare.

Vegetasjon og flora på grunnfjellsområda er fattig, men svært vanleg for Ryfylkeheiane. Ulike artar av lyng, gras og halvgras dominerer. I dei høgareliggande fjellområda er store fjellparti så godt som vegetasjonslause. Dette gjeld mellom anna dei austlegaste delane av Vormedalsheia. I sterk kontrast til dei blankskurte områda, står vegetasjonen på område med skifer i berggrunnen. Denne kontrasten er ekstra tydeleg på Melands-Grønahei, der eit større område er dekt av eit tynt skiferdekke som grensar opp til grunnfjellet. På skifergrunnen finn vi eit samanhengande grønt vegetasjonsdekke, mens grunnfjellsområda er blankskurt berg.

Det er knytt særskild interesse til vegetasjonen i dei bratte skifersonene og rasmarkene under. Særleg gode område finn ein ved Skardshei og Storhei. Her finn ein svært rik fjellflora med mange sjeldsynte plantar. Her veks norsk malurt, fjellnøkleblom, snømure, fjellrublom og skredarve. Bergjunker veks på nokre lokalitetar ved Gråanibba og Brendeknutene aust i Vormedalsheia. Fleire av desse artane har her si sørgrense i Noreg. At ein finn strandkjempe her som elles stort sett veks i strandsona i ytre kyststrok, fortel at området har oseanisk klima.

Området er rikt på myrer, spesielt dei vestlegaste delane av Vormedalsheia. I samband med utarbeidinga av verneplan for myrer i Rogaland, blei ein del myrer i området nærare undersøkte. Dette gjeld Øyastølsmyra, som i dag er eige naturreservat, myrene ved Vassbotnvatnet og Bjørnabu, og på Melands-Grønahei. Det aller meste av myrene i Rogaland er fattige jordvatnmyrer. Områda ved Øyastøl har soner av kambrosilurske bergartar som er lite omdanna, og fylittskifrane har høgt næringsinnhald.

Fugle- og dyreliv Aure er utbreidd i området, og vatna er ofte svært fiskerike. I Vormovassdraget finst det ål. Laks går eit stykkje opp i Vormo. Røye finn ein i nokre fjellvatn.

Av reptiler og amfibier er frosk, stålorm og hoggorm påvist i Vormedalsheia.

Fugl Når det gjeld fuglelivet varierer kjennskapen frå del til del av områda. Totalt er 83 artar påvist i områda, dei aller fleste som hekkefuglar.

Vassfugl Av ender er berre brunnakke påvist, men det er truleg at stokkand og krikkand hekkar i dei vestlege delar av Vormedalsheia. Storlom er funne hekkande i området.

Rovfugl og ugler Til tross for at området ikkje er undersøkt i gode smågnagarår, tyder det på at det er godt med rovfugl i området, særleg i Vormedalsheia. I dei bratte fjellsidene hekkar kongeørn år om anna. Av andre rovfugl som ofte hekkar i klipper, førekjem fjellvåken i smågnagarår. Denne arten er også observert i Storådalen. Hønsehauk er påvist i typiske hekkebiotop, storvaksen furuskog i Vormedalen, og han hekkar truleg også i den nordvestre del av Vormedalsheia. Kattugla skal vera vanleg i Vormedalen, og hekkar truleg også ved Helgaland og Trodla-Tysdal. Hubro er funne på fire lokalitetar, og det er realistisk å rekne med ca. 5-6 hekkande par.

Hønsefugl Den storvaksne furuskogen rundt Vormedalen er ein typisk hekkebiotop for storfugl, og han er også påvist i området sjølv om ingen spelplassar er kjende. Orrfugl er relativt vanleg i dei vestre delane av Vormedalsheia, mens dei austlege delane samt Lusaheia er viktige produksjonsområde for rype, særleg fjellrype. Blokkrike grunnfjellsflater tykkjer å vera gunstige for fjellrypa, og denne biotoptypen er utbreidd i området.

Vadefugl Vadefuglfaunaen i området er relativt rik til å vera i Ryfylke. Tjeld og vipe hekkar i kulturlandskapet, mens strandsnipe, rugde og enkeltbekkasin hekkar på eigna stader i skogsområda og lågheia. På høgfjellet hekkar raudstilk, heilo og fjøreplytt, dei to siste i relativt tette bestandar. Særleg ser Melands-Grønahei å peike seg ut som eit viktig hekkeområde for vadefugl.

Spetter Denne sårbare gruppa er representert med vendehals, flaggspett og dvergspett, der vendehals er den mest vanlege. Spesielt interessant er funnet av flaggspett i typisk hekkebiotop i Vormedal, då denne arten hekkar svært fåtalig i Rogaland.

Spurvefugl