Spansk Florida (spansk La Florida) er namnet på den spanske kolonien Florida, ein provins i Ny-Spania. Opphavleg strekte området seg over det som i dag er Søraust-USA, men hadde ingen klårt definerte grenser. La Florida var ein mindre del av Det spanske imperiet. Mange ekspedisjonar vart sende til områda bortanfor Spansk Florida på 1500-talet, men Spania klarte aldri å få skikkeleg kontroll over la Florida utanfor eit område som i dag er det søraustlege Georgia og det nordlege Florida, samt eit par hamnebyar på nordkysten av Mexicogolfen.

Etter sjuårskrigen i 1763, måtte Spania gje frå seg Florida til Storbritannia og britane heldt område fram til 1783, då det kom attende til Spania. I denne perioden tok dei imot mange immigrantar. I 1821 selde Spania Florida til USA.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Spanish Florida» frå , den 2. januar 2010.

Bakgrunnsstoff Spansk Florida: utviklinga frå 1513 til 1763

Kategori:Historia til Florida Kategori:Spansk historie Kategori:Historia til Dei tretten koloniane