mini|upright|Mellombels grav for ein amerikansk maskingeværsoldat som fall i kamp under operasjon Overlord.
Fallen i kamp (killed in action - KIA) er eit uttrykk vanlegvis nytta i militæret for eigne soldatar som er drepne av fienden. Folk som er falne i kamp har ikkje døydd av ulukker som bilulukker eller andre «ikkje-fiendtlege» hendingar eller terrorisme.
I tillegg kan ein person verte omtalt som fallen i kamp om han har døydd på slagmarka, medan døydd av skade viser til ein person som har levd lenge nok til å ha fått medisinsk behandling.
NATO-definisjon
NATO nyttar KIA (killed in action) for personar falne i kamp, og DWRIA (died of wounds received in action) for personar som har døydd av skade. For sistnemnte vert òg forkortinga DOW ofte nytta av historikarar og militære.
Sjå òg MIA – Sakna i kamp WIA – Skadd i kamp POW – Krigsfange Den ukjente soldats grav
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Killed in action» frå , den 3. januar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Militær terminologi Kategori:Krigsoffer *