Eystein Jansen () er ein norsk klimatolog og professor i klimaforsking ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret (BCCR) i Bergen. Sidan 2022 har han vore visepresident i Det europeiske forskningsrådet (ERC), med særleg ansvar for naturvitskap og teknologi.

Jansen har særleg forska på rekonstruksjon av tidlegare tiders havstraumar og klimaendringar ved hjelp av analyse av utgravde kjerner frå havbotnen. Han tok doktorgrad i maringeologi ved Universitetet i Bergen i 1984, og har publisert over 70 vitskaplege artiklar, av dei er fleire publisert i Nature.

I 2019 fekk han Brøggerprisen for arbeidet med opprettinga av Nasjonallaboratoriet for geologisk massespektrometri i 1983, Bjerknessenteret for klimaforskning i 2000 (der han var direktør i 13 år) og det nye SFF-senteret Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) i 2017.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske klimatologar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi