Ventnor er ein kystby og ein kommune grunnlagd i viktoriatida på sørkysten av Isle of Wight i England. Han ligg nedanfor St. Boniface Down (det høgaste punktet på Isle of Wight) og er bygd i ei bratt side med klipper som fører ned til sjøen. Den høgareliggande delen vert kalla Øvre Ventnor (offisielt Lowtherville), medan den lågareliggande delen vert kalla Ventnor. Ventnor vert stundom medrekna kystlandsbyane St. Lawrence på eine sida og Bonchurch på den andre.
Verna av klippene har sørkysten på øya eit eige klima med fleire soldagar enn resten av Dei britiske øyane og færre dagar med frost. Dette har gjort at fleire subtropiske planter har slått rot her og Ventnor botaniske hage er ein av attraksjonane her.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ventnor» frå , den 10. januar 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bukter på Isle of Wight Kategori:Strender på Isle of Wight Kategori:Byar på Isle of Wight