Vadsø er ein by og administrasjonssenteret i Vadsø kommune i Finnmark. Byen ligg på Varangerhalvøya, på nordsida av Varangerfjorden. Vadsø har hatt bystatus sidan 1833, og er administrasjonssentrum i Finnmark. Det bur om lag 5100 menneske i byen, om lag 83 % av folketalet i kommunen.
Avisa Finnmarken kjem ut i Vadsø seks dagar i veka.
Historie
Byen hadde stor innvandring frå Finland på 1800-talet, og innvandringa synest tydeleg i dag gjennom finsk kultur og mange finske etternamn blant innbyggjarane. Vadsø blir difor ofte omtala som «kvenhovudstaden».
Vadsø Sildoljefabrikk la ned produksjonen i 2009.
Før hadde NRK Finnmark sete i byen.
Næringsliv «54 prosent av de sysselsatte i Vadsø» var per 2016 «ansatt i offentlig sektor. Fjerde høyest i landet», skreiv NRK i 2018.
Samferdsle Vadsø har hurtigruteanløp.
Vadsø lufthamn ligg i Kiby, rett aust for byen. Widerøe flyg til Tromsø, Alta og Kirkenes. I tillegg er det daglege avgangar til Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg og Hammerfest.
Kultur Varangerfestivalen er ein blues- og jazzfestival som blir arrangert kvart år i starten av august. Kongekrabbefestivalen Polar spectacle blei første gong arrangert i byen i oktober 2004. Vadsø har fleire idrettslag, mellom anna Vadsø turn, IL Norild og Vadsø Skiklubb Vadsø har også The Arctic Kite Challenge
Kjelder
Kategori:Byar i Finnmark Kategori:Geografi i Vadsø Kategori:Tettstader i Finnmark