East Loch Tarbert er ein liten sea loch eller fjord på austsida av Kintyrehalvøya i Skottland. Han er ein del av den mykje større Loch Fyne. Landsbyen Tarbert ligg ved fjorden."East Loch Tarbert" Gazetteer for Scotland. Eit smalt, 1,5 km breitt eid skil fjorden frå West Loch Tarbert."West Loch Tarbert" Gazetteer for Scotland.

mini|venstre|Atlaset til Blaeu frå 1654 med Tarbert-eidet til høgre. Kartet er slik at vest er øvst. mini|venstre|Kopi av eit vikingskip i full skala

Denne lune fjorden har vore ein viktig landgangsplass for sildefiskarar frå så langt tilbake som minst 836 då han vart nemnd i Annals of Ulster."Lochgilphead & Tarbert Area" Undiscovered Scotland.

I følgje Heimskringla til Snorre Sturlason fekk kong Magnus Berrføtt vikingskipet sitt drege over eidet under kampen om å erobre Hebridane. Han gjorden ein avtale med kong Malcolm III av Skottland om at han kunne ta alt landet på vestkysten som han kunne segle rundt. Magnus meinte at Kintyre hadde betre land enn det meste av Hebridane og gav derfor ordre om å dra skipet hans over eidet slik at han kunne gjere krav på halvøya. Kintyre vart slik under norsk styre dei neste 10-15 åra.Magnus's saga, kapittel 10 i Hollander (1964), s. 676–677.Murray (1977) s. 100. har datoen 1093.«Tarbert History» Tarbert.info.

Meir enn to hundre år seinare gjorde Robert Bruce det same under den skotske sjølvstendekrigen for å imponere klanhøvdingane i Argyll. Han nytta trestammer til å rulle skipet sitt over.

På 1700-talet noterte Thomas Pennant at havgåande fartøy på opp til 10 tonn vart drege over eidet for å unngå det farlege og stormfulle farvatnet rundt Mull of Kintyre. James Watt meinte det skulle vere mogeleg å byggje ein kanal over eidet, men tida gjekk og då Crinankanalen stod ferdig i 1801 var ikkje kanalen over eidet lenger naudsynt.Murray (1977) s. 100–01.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «East Loch Tarbert, Argyll» frå , den 14. januar 2010. oppgav desse kjeldene: Murray, W.H. (1977) The Companion Guide to the West Highlands of Scotland. London. Collins. Hollander, Lee M. (ed. & tr.) (1964) Heimskringla: History of the Kings of Norway. Austin: University of Texas Press.

Kategori:Fjordar i Skottland Kategori:Geografi i Argyll and Bute