Transitive verb vert kalla så for di handlinga desse verba merkjer av, kan gå over på objektet, slik at objektet vert påverka av handlinga.
Transitive verb er til dømes: Eg målar huset Bjørnen åt sauen. Bonden har skote bjørnen. Du kan selje skinnet.
Ein tommelfingerregel for å skilje transitive verb frå intransitive, er å spørje: Går det an å (verbet) nokon? I døma ovanfor er svaret på eit slikt spørsmål alltid ja: Det går an å måle nokon, å ete nokon, å skyte nokon og å selje nokon.
Sjå òg intransitive verb
Kjelder Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7
Kategori:Verb