Norsk Ordbog av Hans Ross vart gitt ut i 1895 som eit «Tillæg til "Norsk Ordbog" af Ivar Aasen.»

Boka er meint å brukast som eit tillegg til Aasen si ordbok, slik at ord omtalte i den eine ordboka ikkje finst i den andre. Ordboka har i følgje forfattaren om lag 35-40 000 nye oppslagsord. Supleringshefte kom ut i 1902 og 1910. Ordboka og suppleringshefta kom ut på Alb. Cammermeyers Forlag i Kristiania.

Bakgrunnsstoff

Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen som nettordbok Språkrådet: Hans Ross: Norsk Ordbog, 1895 (delvis faksimileutgåve)

Kategori:Norske ordbøker Kategori:Bøker frå 1895