Celine Brun-Lie () er ein norsk tidlegare langrennsløpar som frå Oslo, medlem i Sportsklubben Njård.

Aktiv Brun-Lie vann tre gullmedaljar i junior-NM og var med på det norske laget som vann stafetten under junior-VM i 2007. Den 14. desember 2008 fekk ho si første pallplassering i verdscupen, då ho vart nummer to bak Petra Majdic, men føre Marit Bjørgen på sprinten i Davos. Ho tok sitt einaste NM-gull då ho sigra på sprinten under Ski-NM 2009, framom Maiken Caspersen Falla og Marit Bjørgen.

Brun-Lie tok seg til finalen under dei olympiske vinterleikane i Vancouver 2010, der ho enda på sjetteplassen. Ho la opp etter 2015-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2008: Nr 4 på sprinten i Trondheim Ski-NM 2009: Gullmedalje i sprint på Gjøvik Ski-NM 2010: Nr 6 på 30 km på Tolga Ski-NM 2011: Ski-NM 2012: Ski-NM 2013: Sølvmedalje i sprint på Vang Ski-NM 2014: Nr 5 på sprinten på Lillehammer Ski-NM 2015:

Kjelder

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo