Maiken Caspersen Falla () er ein norsk tidlegare langrennsløpar som representerer Gjerdrum Idrettslag. Ho vart olympisk meister i sprintøvinga under vinter-OL 2014 i Sotsji og tok bronsemedaljen i same øvinga i Ski-VM 2015. Falla har to NM-medaljar i sprint og har kome blant dei seks beste i verdscupen to gongar.

I 2023 fekk ho Holmenkollmedaljen.

Aktiv Falla debuterte i verdscupen den 29. november 2008 på sprinten i Kuusamo. Ho vart nummer 22, men ein månad seinare tok ho ei overraskande tredjeplass på sprinten i Düsseldorf, bak Petra Majdič og Natalja Matvejeva. Falla og makkeren Celine Brun-Lie gjekk dagen etter inn til ein andreplass på sprintstafetten. Falla gjekk ankeretappen, og vart berre slått med to tidelar av Matvejeva.

Falla, som då representerte Lørenskog Skiklubb, tok si første NM-medalje på sprinten i NM på ski 2009, ein sølvmedalje bak Celine Brun-Lie. Falla tok bronse i klassisk sprint året etter.

I 2009/10-sesongen opna ho med ein 6. plass i verdscuprennet i klassisk sprint i [Kuusamo, den andre finaleplass hennar i verdscupen. Saman med Brun-Lie vart det tredjeplass i sprintstafetten i Düsseldorf i desember.

Falla deltok under vinterleikane 2014 i sprintøvinga, der ho gjekk heilt til topps framom landsmannen Ingvild Østberg.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2009: Sølvmedalje i sprint på Gjøvik Ski-NM 2010: Bronsemedalje i sprint i Stokke Ski-NM 2011: Sølvmedalje i sprint i Steinkjer Ski-NM 2012: Gullmedalje i sprint på Voss Ski-NM 2013: Gullmedalje i sprint på Vang Ski-NM 2014: Gullmedalje i sprint på Lillehammer Ski-NM 2015: Bronsemedalje både på 15 km og i sprint på Røros Ski-NM 2016: Ski-NM 2017: Gullmedalje i sprint, sølvmedalje på 15 på Gran Ski-NM 2018: Ski-NM 2019: Bronsemedalje i sprint i Meråker Ski-NM 2020: Gullmedalje i sprint i Drammen Ski-NM 2021: Gullmedalje i sprint i Trondheim Ski-NM 2022:

Kjelder

Artikkel i Adresseavisa om første pallplasseringa hennar i Düsseldorf Artikkel og video frå sprinten i Düsseldorf (på www.nrksport.no)

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2021 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Folk frå Fet