Tiree (skotsk-gælisk Tiriodh) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, sørvest for Coll. Ho har eit areal på og rundt 800 innbyggjarar. Den lågtliggande øya er særs frodig og jordbruk, i tillegg til turisme, er hovudnæringa for øybuarane. Tiree og Colonsay har relativt mange soltimar seint på våren og tidleg på sommaren samanlikna med snittet for Storbritannia.

mini|venstre|Utsyn vestover til Balephuil Bay, over Machair.

Tiree er den vestlegaste av øyane i Indre Hebridane.

Geografi Den største landsbye på Tiree er Scarinish, og frå her går det ferjer til Arinagour på Coll og til Oban på fastlandet. Tiree lufthamn ligg nær Crossapol. Andre busetnader på øya er Hynish og Sandaig. Begge desse har eit lite museum.

Vegane på Tiree er stort sett smale, og fleire stader finst det møteplassar der bilane kan passere kvarandre.

Det høgaste punktet på Tiree er Ben Hynish sør på øya, med ei høgd på 141 meter over havet.

Historie Tiree er kjend for ein broch, Dùn Mòr, frå det første årtusenet f.Kr., samt for dei førhistoriske Ringesteinane med utskjeringa, og fuglane på neset Ceann a' Mhara. mini|venstre|Ringesteinane - bilete frå 1892.Harvie-Brown, J.A. og Buckley, T. E. (1892), A Vertebrate Fauna of Argyll and the Inner Hebrides. Pub. David Douglas., Edinburgh. Facing P. LXIV. I 1770 vart halve øya halde av fjorten bønder, som hadde drenert landet for høy og beitemarker. I staden for å eksportere levande kveg (som ofte vart utslitne av den lange reisa til marknaden og gav låge prisar), starta dei i staden å eksportere salta kjøt i tønner for å få betre prisar. Resten av øya vart driven av 45 grupper av leiglendingar, som arbeidde saman på gardane. Det vart rapportert i 1774 at innbyggjarane på øya hadde «gode klede og nok mat, med mykje korn og kveg».

Namnet kjem frå Tir Iodh, 'kornlandet', frå tida på 500-talet då keltiske misjonærar og abbeden St. Columba (d. 597) kom til området. Tire gav korn til klosteret på Iona, søraust for Tiree. Det fanst òg fleire kloster på sjølve Tiree i denne tida, og fleire stader har ein funne steinkrossar frå denne tida, til dømes St. Patrick's Chapel, Ceann a' Mhara og Soroby. mini|Eit restaurert, «flekkete» hus. mini|Satellittbilete av Tiree. mini|Klimadiagram for Tiree Skerryvore fyr ligg 19 km sørvest for Tiree, bygt mellom 1838 og 1844 av Alan Stevenson. I dag er det tale om å byggje ein vindmøllepark der.Renewable Communities

RAF bygte ein stor rullebane på Tiree under den andre verdskrigen. Dette vart ein sivil flyplass etter krigen. Det låg òg ein radarstasjon for RAF ved Kilkenneth og ein annan ved Beinn Hough. Etter krigen var det ein radarstasjon på Beinn Ghott, driven av RAF.

Økonomi Det frodige landskapet på øya har gjeve gode tilhøve for jordbruk.

Tiree er òg ein populær stad for brettsegling, og det vert årleg halde konkurransar her"The GMFCo Tiree Wave Classic" . tireewaveclassic.com.., mellom anna løp i verdscupen."The Professional Windsurfing Association World Cup 2007" STV.

Kultur Øya er kjend for den tradisjonelle arkitekturen, med såkalla 'blackhouses' (svarte hus) og 'white houses' (kvite hus), mange med tradisjonelle torvtak. I tillegg finst det mange unike såkalla 'pudding' eller 'spotted houses' (flekkete hus), der berre morteren er måla kvit.

Om lag halvparten av øybuarane på Tiree snakkar gælisk2001 Census, som er eit høgt tal for Indre Hebridane.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Toppen av Tiree - datagenerert panoramabilete Bilete frå Tiree Tiree Wave Classic - brettseglingskonkurranse

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tiree» frå , den 21. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Indre Hebridane Kategori:Geografi i Argyll and Bute