Tahay (skotsk-gælisk Taghaigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet kjem frå norrønt, tagg-øy. Øya har eit areal på 53 hektar og det høgaste punktet ligg 65 meter over havet. Ho er den største øya i ei gruppe nordaust for North Uist.
Øya vert nytta til beite for sau og for torvhausting.
Historie I 1846 levde seks familiar på øya. Dei vart drivne bort frå Pabbay under Highland clearances for å gje rom til sauehald der. Sjølv om det ikkje var dyrkbar mark på øya, håpte dei å livnære seg av fiske. Dette viste seg å verte for hardt for dei, og i 1850-åra gav dei opp og flytte til Australia.
Tahay er i dag eigd av dei skotske styresmaktene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tahay» frå , den 3. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland