Tussa Kraft AS er eit norsk energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.

Verksemda vart stifta i 1949. I 2022 hadde ho fire heileigde dotterselskap: Tussa Energi, Sunnmøre Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon. I tillegg var ho deleigar i Mørenett og Wattn.

All kraft frå Tussa er fornybar. I 2022 åtte og dreiv Tussa 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg. Tussa sine vasskraftverk har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på om lag 750 GWh i året. Det er nok til å forsyne over 37 500 gjennomsnittshushald med straum i eit år. Kraftverka er geografisk spreidde over heile søre Sunnmøre.

Ein stor del av overskotet i Tussa går tilbake til lokalsamfunnet gjennom utbyte til eigarane. Tussa er i dag eigt av åtte kommunar på søre Sunnmøre, KLP og eit kraftselskap.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tussa NVE