Hepatitt E er ein leverinfeksjon som vert framkalla av hepatitt E-virus (HEV). Mangel på objektive laboratorietestar var tidlegare årsak til forveksling med epidemisk hepatitt A.
Historikk I New Delhi i India vart året 1955 om lag 29 000 personar sjuke i ein epidemi som den gongen vart tolka som hepatitt A. Då diagnostiske testar for hepatitt A hadde tilkome 25 år seinare, synte gransking av fryste sera at så godt som alle dei undersøkte hadde IgG-antistoff mot hepatitt A-virus (HAV). Derimot kunne ikkje IgM-antistoff mot HAV påvisast. Dei fleste var såleis immune mot hepatitt A då epidemien braut ut, og haldepunkt for akutt hepatitt A fanst heller ikkje. Dermed stod det òg klart at epidemien hadde vorte framkalla av eit anna agens enn HAV. Skort på testar for ytterlegare virusdiagnostikk gjorde at sjukdomen vart kalla enterisk hepatitt non A non B.Wong DC, Purcell RH, Screenivasan MA, Prasad SR, Pavri KM (1980) «Epidemic and endemic hepatitis in India: evidence for a non-A, non-B hepatitis virus aetiology» - Lancet, vol. 2, nr. 8200, s. 876-879. PMID 6107544 (samandrag). HEV kunne fyrste gongen påvisast med elektronmikroskopisk teknikk 1983.Balayan MS, Andjaparidze AG, Savinskaya SS, Ketildaze ES, Braginsky DM, Savinov AP, Poleschuk VF (1983) «Evidence for a virus in non-A, non-B hepatitis transmitted via the fecal-oral route» - Intervirology, vol. 20, nr. 1, s. 23-31. PMID 6409836 (samandrag). Genomet vart klona og karakterisert 1991. Sidan kunne serologiske testar takast fram.Bradley DW (1995) «Hepatitis E virus: a brief review of the biology, molecular virology, and immunology of a novel virus» - J Hepatol., vol. 22, (1 suppl.), s. 140-145. PMID 7602068.
Virus Humanpatogent HEV har 4 ulike genotypar med talrike subgenotypar. Medan genotypane 1 og 2 berre infiserar menneske, kan genotypane 3 og 4 infisera fleire ulike pattedyr. HEV-førekomsten hjå grisar er best studert. Krossreagerande epitopar gjer at det berre finst ein serotype. Ulike genotypar dominerer, men er ikkje einerådande i visse geografiske område:Purcell RH, Emerson SU (2008) «Hepatitis E: an emerging awareness of an old disease» - J Hepatol., vol. 48, nr. 3, s. 494-503. PMID 18192058. Chandra V, Taneja S, Kalia M, Jameel S (2008) «Molecular biology and pathogenesis of hepatitis E virus» - J Biosci., vol. 33, nr. 4, s. 451-464. PMID 19208971.
I ulike geografiske område er ulike genotypane ulikt spreidde: Genotype 1. Asia og Nord-Afrika Genotype 2.Mexico og Sentral-Afrika Genotype 3.Nord- og Sør-Amerika, Europa, Japan og Stillehavsområdet Genotype 4.Kina og Taiwan
Sjukdom Inkubasjonstida er på 3 – 8 veker, i gjennomsnitt 40 dagar. Symptomfattig eller subklinisk infeksjon er ikkje uvanleg. Som oftast er det ungdomar og yngre, vaksne personar mellom 15 og 40 år som vert sjuke i hepatitt E. Born vert smitta, men dei får meir sjeldan symptom.World Health Organization, Department of Communicable Disease Surveillance and Response WHO (2001) «Hepatitis E» - WHO/CDS/CSR/EDC/2001.12. /hepatitis/HepatitisE_whocdscsredc2001_12.pdf På klinisk grunnlag kan ein vanskeleg skilja hepatitt E frå hepatitt A. Ved båe hepatittformene kan sjuklingen kjenna seg trøytt, ha verk i heile kroppen, kjenna seg kvalm og kasta opp. Det er verk i leverregionen og levra kan kjennast hoven. Feberen brukar ikkje vera meir enn måteleg. Etter få dagar plar pasienten få gulsott (ikterus). Urinen vert mørk, fyrst får bindehinnene i auga (sclerae) og sidan huda ein gul lét. Som kjemiske teikn på leverskade ser vi høge verde for bilirubin og transaminasar. Særleg kan stasemarkørar syna høge verde.Su CW, Wu JC, Huang YS, Huo TI, Huang YH, Lin CC, Chang FY, Lee SD (2002) «Comparison of clinical manifestations and epidemiology between acute hepatitis A and acute hepatitis E in Taiwan» - J Gastroenterol Hepatol. Vol. 17, nr. 11, s. 1187-1191. PMID 12453278 (samandrag).
Normalt har pasienten fått antistoff og tilfrisknar når den ikteriske fasen er over etter om lag 17 dagar.Zhang JZ, Im SW, Lau SH, Chau TN, Lai ST, Ng SP, Peiris M, Tse C, Ng TK, Ng MH (2002) «Occurrence of hepatitis E virus IgM, low avidity IgG serum antibodies, and viremia in sporadic cases of non-A, -B, and –C acute hepatitis» - J Med Virol., vol. 66, nr. 1, s. 40-48. PMID 11748657 (samandrag).
Med ein letalitet på 0,5 – 3 % kan HEV vera årsak til alvorlegare infeksjonar enn hepatitt A-virus. I motsetnad til hepatitt A er hepatitt E er fyrst og fremst farleg for svangre kvinner der letaliteten kan ligga på over 20% i siste trimester.Mushahwar IK (2008) «Hepatitis E virus: molecular virology, clinical features, diagnosis, transmission, epidemiology and prevention» - J Med Virol., vol. 80, nr. 4, s. 646-658. PMID 18297720 (samandrag). Virusmengda i blodet (the viral load) ser ut til å vera signifikant høgare ved hepatitt E hjå svangre enn hjå ikkje svangre kvinner.Kar P, Jilani N, Husain SA, Pasha ST, Anand R, Rai A, Das BC (2008) «Does hepatitis E viral load and genotypes influence the final outcome of acute liver failure during pregnancy?» - Am J Gastroenterol., vol. 103, nr. 10, s. 2495-2501. PMID 18785952 (samandrag). Årsaka till den høge letaliteten er elles ukjend. Eksperimentelle HEV-infeksjonar gjev ikkje haldepunkt for liknande fenomen hjå svangre primatar.
Normalt er HEV ikkje årsak til kronisk sjukdom, men det finst rapportar om hepatitt E med levercirrhose hjå mottakarar av transplanterte organ.Haagsma EB, van den Berg AP, Porte RJ, Benne CA, Vennema H, Reimerink JH, Koopmans MP (2008) «Chronic hepatitis E virus infection in liver transplant recipients» - Liver Transpl., vol. 14, nr. 4, s. 547-553. PMID 18383084 (samandrag).
Diagnostikk Frå slutten av inkubasjonsperioden er virus påviseleg i blodet. Som ved hepatitt A kan virus påvisast både i galle, lever og feces innan levefunksjonsprøvene (bilirubin, alkalisk fosfatase og transaminasar) tek til å syna høge verde. sk amplifiseringsteknikk (PCR) kan nukleinsyre frå virus (HEV-RNA) påvisast i feces i 50 - 70 % av tilfella 1 veke føre pasienten får symptom og sidan i minkande frekvens under dei komande 2 til 4 vekene. I blodet kan HEV som oftast påvisast litt lenger, i unnatakstilfelle opp til 6 veker.Aggarwal R, Krawczynski K (2000) «Hepatitis E: an overview and recent advances in clinical and laboratory research» - J Gastroenterology Hepatol., vol. 15, nr. 1, s.9-20. PMID 10719741 (samandrag). Chandra NS, Sharma A, Malhotra B, Rai RR (2010) «Dynamics of HEV viremia, fecal shedding and its relationship with transaminases and antibody response in patients with sporadic acute hepatitis E» - Virol J., vol. 7, nr. 213, 1-7. PMID 20815928. Det er uvisst kor mykje intakt og dermed infeksiøst virus som vert utskilt i feces og kor lenge pasienten eigentleg er smitteførande.
Både IgM- og IgG-antistoff mot HEV finst i serum når pasienten får symptom. IgM kjem nokre dagar tidlegare enn IgG og forsvinn etter berre nokre månader. Tidsgrensene for påviseleg anti-HEV IgG er i ulike studiar rett skiftande, men i visse fall har ein kunna påvisa det etter meir enn 14 år. Anti-HEV IgG vernar truleg mot ny infeksjon. Det er uklart om HEV kan gjeva reinfeksjon.
Immunologiske testar for anti-HEV er baserte på ELISA-teknikk (enzyme immunosorbent assay) eller immunkromatografiske metodar. Testar frå ulike testprodusentar med ulike virusantigen syner store skilnader når det gjeld både sensitivitet og spesifisitet, til og med mellom ulike produksjonsomgangar. Det òg er uklart om testane fangar opp antistoff frå dei ulike virusstammane like bra. Det kan såleis vera grunn for ei viss mistru når det gjeld prevalenstal for anti-HEV frå ulike land og område.Mast EE, Alter MJ, Holland PV, Purcell RH (1998) «Evaluation of assays for antibody to hepatitis E virus by a serum panel. Hepatitis E Virus Antibody Serum Panel Evaluation Group» - Hepatology, vol. 27, nr. 3, s. 857-861. PMID 9500718. (pdf)
Positive resultat for både IgM- og IgG-antistoff kan stadfestast med ein spesifikk antistoffstest som WB (Western blot) eller ved påvising av HEV-RNA i serum og/eller feces med PCR, ein teknikk som på grunn av komplisert og dyr laboratorieutrustning ikkje alltid er tilgjengeleg. Av og til kan antistoffsproduksjonen koma i gang seinare enn vanleg og gjera at serologiske testar i tidleg sjukdomsfase er negative.
Smittevegar Jamført med HAV er talet på HEV-partiklar som vert utskilde i feces under akutt sjukdomsperiode 100 gonger mindre. Ved hepatitt E-utbrot er risken for sekundærtilfelle i same hushald 0,7 til 2,2 %. Ikkje immune hushaldskontaktar til hepatitt A-tilfelle har ein infeksjonsrate på 50 – 75%.Aggarwal R, Naik S (2009) - «Epidemiology of hepatitis E: current status» - J Gastroenterol Hepatol., vol. 24, nr. 9, s. 1484-1493. PMID 19686410 (samandrag).
HEV smittar fyrst og fremst fekalt–oralt og vert ofte overført i samband fekal kontaminasjon av drikkevatnet. I land med dårlege sanitære tilhøve har dette vore årsak til store epidemiar, fyrst og fremst i samband med flaum.
Enda om hepatitt E ikkje er nokon kronisk leversjukdom, kan nokre få individ utskilja virus i feces i lang tid etter ein infeksjon. Det er eit ope spørsmål om symptomfrie eller subklinisk infiserte menneske og/eller dyr kan vera virusreservoar og kontinuerleg kontaminera drikkevatnet i interepidemiske periodar.Nanda SK, Ansari IH, Acharya SK, Jameel S, Panda SK (1995) «Protracted viremia during acute sporadic hepatitis E virus infection» - Gastroenterology, vol. 108, nr. 1, s. 225-230. PMID 7806046 (samandrag).Krawczynski K, Kamili S, Aggarwal R (2001) «Global epidemiology and medical aspects of hepatitis E» - Forum (Genova), vol 11, nr. 2, s. 166-179. PMID 11948361 (samandrag).