Preses i Bispemøtet leier Bispemøtet i Den norske kyrkja. Frå 2011 har kyrkja hatt ein fast preses, som samtidig er biskop i Nidaros domprosti. Preses har kontor og bustad i Trondheim.

Fram til 1998 var det tradisjon for at biskopen i Oslo vart vald til leiar for kollegiet. Funksjonen vart da som regel omtalt som primas (seinlatin frå latin primus inter pares, ‘den fremste blant likemenn’), sidan har preses for bispemøtet blitt ei vanlegare nemning for funksjonen. Etter at Andreas Aarflot gjekk av som biskop i 1998 og Gunnar Stålsett vart neste Oslo-biskop, vedtok Bispemøtet at presesfunksjonen skulle gå på omgang blant biskopane, med nyval kvart fjerde år. Dei valde da Møre-biskopen Odd Bondevik til preses.

I 2010 vart biskop Helga Haugland Byfuglien i Borg bispedømme vald til preses. Den 25. mars 2011 vart ho utnemnd i statsråd som fast preses i Bispemøtet. Også den faste presesbiskopen vil vere «fremst blant likestilte», slik erkebiskopen er det i Svenska kyrkan og i Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland.

Liste over presesar i Bispemøtet (1917-1932 formann) 1917–1922: Jens Frølich Tandberg, vald av biskopane for kvart møte 1922–1937: Johan P. Lunde, vald av biskopane for kvart møte 1937–1951: Eivind Berggrav, vald av biskopane for kvart møte 1951–1968: Johannes Smemo, vald av biskopane for kvart møte 1968–1972: Fridtjov Birkeli, vald av biskopane for kvart møte 1973–1977: Kaare Støylen, vald av biskopane for kvart møte 1977–1998: Andreas Aarflot, vald av biskopane for kvart møte, frå 1984 for kvart år 1998–2002: Odd Bondevik, vald av biskopane for fire år 2002–2006: Finn Wagle, vald av biskopane for fire år 2006–2010: Olav Skjevesland, vald av biskopane for fire år 2010–2011: Helga Haugland Byfuglien, vald av biskopane for perioden fram til nyordning 2011–2020: Helga Haugland Byfuglien, utnemnd i statsråd, innsett 2. oktober 2011Historisk da Byfuglien ble innsatt, NRK, 2. oktober 2011. Besøkt 2. oktober 2011. 2020– : Olav Fykse Tveit, nominert av bispemøtet og tilsett av kyrkjerådet 30. januar 2020. https://www.aftenposten.no/norge/i/2Glk8q/olav-fykse-tveit-blir-den-fremste-blant-landets-biskoper Han vart vigsla i stillinga 10. mai 2020

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Preses i Bispemøtet» frå , den 10. mars 2010.

Kategori:Den norske kyrkja