Helga Gitmark (), fødd i Holt i Aust-Agder var ein norsk politikar for Senterpartiet.
Regjering Helga Gitmark var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) frå 5. mars til 16. oktober 1973 i Lars Korvald si regjering. Ho vart med dette Noregs og verdas første kvinnelege miljøvernminister. Ho blei som statsråd mest kjend for å ha stansa høghusplanane i Karl Johans gate i Oslo.
Andre verv Helga Gitmark var nestleiar i Senterpartiet frå 1973 til 1979 og vararepresentant til Stortinget i perioden 1977-1981.
Gitmark var medlem av og leiar i bispedømmerådet i Agder i eit par tiår og medlem av Kyrkjerådet og Kringkastingsrådet.
Ho sat også i styret for Folkeaksjonen mot selvbestemt abort og var aktiv i lokalpolitikken i heimkomma Lillesand, der ho sat i kommunestyret i periodane 1971–1975 og 1991–1995.
I 1991 fekk ho Kongens fortenestmedalje i gull.
Kjelder
Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Korvald Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Lokalpolitikarar i Lillesand Kategori:Sp-politikarar i Aust-Agder Kategori:Norske abortmotstandarar Kategori:Folk frå Lillesand