Eynhallow (norrønt Eyinhelga) er ei lita folketom øy i Orknøyane nord for Skottland.
Geografi Eynhallow ligg i Eynhallow Sound mellom Mainland og Rousay. Ho er 75 hektar stor.
Det kan vere vanskeleg å gå i land på øya fordi tidvasstraumane i sunda rundt øya er sterke.
Historie Hovudattraksjonen på øya er ei kyrkje frå 1100-talet eller tidlegare, som kan ha vore ein del av eit kloster. Staden vert vedlikeheldt av Historic Scotland.
I 1841 hadde øya 26 innbyggjarar.. Ho har vore busett sidan Highland clearances, der landeigarane jaga leiglendingane bort i 1851. Øya er i dag eit fuglereservat.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eynhallow» frå , den 12. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bilete frå øya
Kategori:Øyar i Orknøyane Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland