Kantjendjunga (tibetansk gangs chen mdzod lnga, engelsk Kangchenjunga)Andre namnevariantar: Kangchen Dzö-nga, Khangchendzonga, Kanchenjanga, Kachendzonga, Kangchanfanga er med ei høgd på 8 586 moh. det tredje høgaste fjellet i verda, det høgaste fjellet i India og det nest høgaste i Nepal.
Fjellet ligg på grensa mellom den tidlegare sjølvstendige staten Sikkim (no delstat i India) og det austlege Nepal og er det austlegaste av fjella over 8000 moh.
I Nepal høyrer fjellet til Taplejung distrikt i Mechi sone i den nepalske austregionen, og ligg i Kantjendjunga naturvernområde. I India er det del av Kantjendjunga nasjonalpark i Sikkim.
Fram til 1852 trudde ein at Kantjendjunga var det høgaste fjellet i verda, men utrekningar gjort av britiske forskarar i 1849 viste at det ikkje var tilfellet. George Band og Joe Brown, som var med i ein britisk ekspedisjon, var dei første som klatra til toppen, den 25. mai 1955.
Namn mini|Kantjendjunga sett frå Gangtok i Sikkim
Namnet «Kantjendjunga» kjem frå det tibetanske gangs chen mdzod lnga, der dei fire orda høvesvis tyder 'snø', 'stort', 'skattkammer' og 'fem'. Tydinga blir då om lag 'fem store skattkamrar av snø' og viser nok enten til dei fem høgste toppane eller dei fem hovudbreane i massivet.Günter Oskar Dyhrenfurth: Zum Dritten Pol. Die Achttausender der Erde. Nymphenburger Verlags-Handlung, München 1952, s. 123f.
Toppane mini|venstre|Frå venstre mot høgre: Vesttoppen, hovudtoppen, midttoppen, sørtoppen) Kantjendjunga er det einaste åttetusen-fjellet med ein hovudttopp og tre bitoppar over 8000 moh. Dei fem toppane som truleg har gitt fjellet namnet er: Topp Høgd SkardhøgdEberhard Jurgalski: Geographical facts of the subsidiary peaks på www.8000ers.com. Kantjendjunga- hovudtoppen 3922 meter Kantjendjunga-vesttoppen (Yalung Kang) 135 meter Kantjendjunga-midttoppen 63 meter Kantjendjunga-sørtoppen 116 meter Kangbachen Peak
Andre toppar i massivet Frå hovudtoppen går det fire lange fjellkammar ut krossforma i alle himmelretningar. Nord- og vestegga startar ved hovudtoppen, mot søraust går ei nesten vassrett egg over midt- og sørtoppen der sør- og austegga greinar seg. Vestegga går på nepalsk side over vesttoppen og Kangbachen til den høge Jannu. Mot aust endar egga til slutt ved Siniolchu () i Sikkim. Søregga går over Kabru nord (, sør () og den høge Rathong-toppen og dannar grensa mellom Nepal og India. På grensa ligg òg toppene på nordegga som går over bitoppene Kantjenjunga-nord (), tvillingane og Tent Peak som strekkjer seg til den høge Jongsong La, eit pass på grensa til Tibet. mini|600px|center|Kantjendjunga-massivet frå sør: Sørtoppen og sør- og søraustegga ligg i solskin, i skugge til venstre over sørtoppen dei tre andre 8000-meter-toppane; Jannu ligg i sol heilt til venstre
Klatrehistorikk mini|Nordveggen av Kantjendjunga med (frå venstre) hovudttopp, vesttopp og Kangbachen mini|Kantjendjunga i 3D I 1905 leia Aleister Crowley den første ekspedisjonen som freista å klatre opp Kantjendjunga. Dei nådde ei høgd på om lag . Fire av deltakarane omkom i eit snøskred. Ein tysk ekspedisjon leia av Paul Bauer nådde i 1929 over nordaustegga før dei etter ein fem dagar lang storm blei tvinga til å klatre ned. Året etter var ein annan tysk ekspedisjon i fjellet. Denne gruppa, leia av Günter Dyhrenfurth og Ulrich Wieland, valde ei rute over nordsida, men måtte gjere vendereis på grunn av dårleg vêr og ein snøstorm. I 1931 gjorde ein ekspedisjon leia av Bauer eit nytt forsøk. Dei gjekk same ruta som i 1929 og nådde denne gongen om lag . Ekstrem skredfare tvinga dei til å snu.Om begge ekspedisjonane, sjå Paul Bauer: Kampf um den Himalaja. Neudruck. Knorr & Hirth, München / Ulm 1952.
Til slutt var det ein britisk ekspedisjon, leia av Charles Evans, som lukkast: 25. mai 1955 stod George Band og Joe Brown på toppen etter å ha klatra ei rute over sørvestflanken. Dette var den sjuande førsteklatringa av eit 8000-meters fjell, berre ti dagar etter at Makalu vart klatra første gongen. Dagen etter stod to andre ekspedisjonsmedlemar på toppen av Kantjendjunga: Norman D. Hardie og Antony H.R. Streather.
Dei første som gjekk til topps utan å ta med oksygen var Doug Scott, Peter Boardman og Joe Tasker i 1979. Dei opna med det ei ny rute over nordegga. Fire år seinare gjorde franske Pierre Béghin den første soloklatringa utan å ta med oksygen. 11. januar 1986 lukkast Jerzy Kukuczka og Krzysztof Wielicki med den første vinterklatringa. Tre år seinare gjekk ein russisk ekspedisjon som den første over alle fire 8000-toppane i massivet, dette gjorde dei ved at to grupper gjekk i motgåande retning.
I 1990-åra gjorde kvinnelege klatrarar seg gjeldande, fram til då hadde ingen kvinner vore på toppen. I 1991 omkom Marija Frantor og Joze Rozman; dei vart seinare funne ved foten av veggen som leier til toppen. Året etter omkom den mest meritterte kvinnelege klatraren på den tida, Wanda Rutkiewicz, etter at ho trass at det var varsla storm, nekta å klatre ned att. I 1998 blei Ginette Harrison den første kvinna som klatra heilt til topps. Ho omkom i eit snøskred på Dhaulagiri året etter. 14. mai 2006 blei austerrikaren Gerlinde Kaltenbrunner den andre kvinna på toppen.
Verneområde mini|Flyfoto av Kantjendjunga-massivet frå sør Den indiske Kantjendjunga nasjonalpark blei oppretta i 1977 og dekker 849 kvadratkilometer. Området er heim for fem ulike artar ville saue- og geiteartar, serov (Capricornis), goral (Naemorhedus), himalayatahr (Hemitragus jemlahicus), bharal (Pseudois nayaur) og tibetansk argalisau (Ovis ammon).IUCN/SSC Caprinae Specialist Group: Wild Sheep and Goats and their Relatives. Status Survey and Conservation Action Plan for Caprinae. Red. David M. Shackleton. IUCN, Cambridge 1997, ISBN 2-8317-0353-0, s. 218.
Kantjendjunga naturvernområde i Nepal blei skipa i 1998 og dekkjer rundt 2 035 km².
Referansar
Denne artikkelen byggjer på ei omsetjing av artikkelen Kangchendzönga på Wikipedia på tysk slik den var 24. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
Klatrehistorie på bergfieber.de (privat webside) Kantjendjunga på himalaya-info.org Reise gjennom Sikkim Goecha La, med kart og fotos Kantjendjunga påwww.summitpost.org heilige berge - Kangchendzönga «Fünf Schätze des Grossen Schnees»
Kategori:Fjell i Himalaya Kategori:8000 m-toppar Kategori:Fjell i Nepal Kategori:Fjell i India Kategori:Høgaste punkt Kategori:Heilage fjell Kategori:Utvalde artiklar 2014 Kategori:Internasjonale fjell i Asia Kategori:Den indisk-nepalske grensa