Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, òg kalla More Bob Dylan Greatest Hits, var det andre samlealbumet til Bob Dylan, gjeven ut i 1971. Då det ikkje var venta at Dylan skulle kome med nytt materiale på ei stund kom administrerande direktør i CBS Records, Clive Davis, med eit forslag om å gje ut ei dobbel LP-samling med eldre songar. Dylan godtok dette og foreslo og ha ei heil side med ubrukte songar frå arkivet sitt. Etter å ha sendt inn eit utdrag frå Basement Tapes, som Davis ikkje fann gode nok, gjekk Dylan i studio i september 1971 og spelte inn fleire av songane frå Basement på ny i lag med Happy Traum som akkompagnement.
Den endelege utgåva inneheldt ein tidlegare singel, «Watching The River Flow», «When I Paint My Masterpiece», ein song frå ein Dylan-konsert i 1963, «Tomorrow is a Long Time» og tre songar frå innspelinga i september, «I Shall Be Released», «You Ain't Goin' Nowhere», og «Down in the Flood». Resten av songane var songar som var gjevne ut på singlar og album tidlegare.
Plateomslaget vart forma for å dra fordel av omtalen av George Harrison sin Concert for Bangladesh, og filmen og albumet som følgde denne konserten. Biletet på omslaget er teken av Dylan på denne konserten. Plateomslaget liknar omslaget på det førre samlealbumet, Bob Dylan's Greatest Hits, som òg var eit konsertbilete av Dylan.
Samlealbumet nådde 14. plass i USA og 12. plass i Storbritannia og har til no seld seks gongar platina i USA, noko som gjer det til eit av dei bestseljande Dylan-albuma nokon gong.
I 2003 vart albumet gjeven ut i lag med to andre samlealbum frå Dylan i ei samling kalla Greatest Hits Volumes I-III.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II» frå , den 13. mars 2010.
Kategori:Samlealbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Bob Johnston Kategori:Album produserte av John Hammond Kategori:Album produserte av Tom Wilson Kategori:Samlealbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Leon Russell