Flotta er ei lita øy i Orknøyane i Skottland i Scapa Flow. Øya er kjend for den store oljeterminalen som finst her og ho har ferjesamband til Houton på Mainland og Lyness og Longhope på Hoy.

Ved starten av 1900-talet var øya eit roleg, landleg samfunn som dei andre øyane i Orknøyane, men sidan ho ligg så verna til vart det gjort tre store omveltingar på øya.

mini|venstre|Satellittbilete av Flotta, forma som bokstaven 'c' mini|venstre|Whome på Flotta

Under den første verdskrigen låg det ein marinebase på øya. Slagetskipet HMS «Vanguard» forliste i nærleiken av øya i 1917, noko som visstnok var den verste maritime katastrofen i britisk farvatn. Under den andre verdskrigen vart øya igjen nytta som marinebase.

I 1974 starta Occidental Petroleum bygginga av oljeterminalen på øya. Dette vart den nest største britiske oljeterminalen ved Nordsjøen etter Sullom Voe på Shetland. Her går røyrsystema frå Piper og Claymore-felta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Flotta» frå , den 14. mars 2010.

Bakgrunnsstoff Flotta web guide

Kategori:Øyar i Orknøyane