Michael Essien () er ein ghanesisk fotballspelar som har spela i forsvar for Chelsea i engelsk Premier League, og for det ghanesiske landslaget. Frå sommaren 2007 til sommaren 2009 var han den dyraste afrikanske fotballspelaren nokonsinne, etter overgangen frå Lyon i Frankrike til Chelsea for 26 millionar britiske pund. Essien har vunne den franske ligaen to gonger med Lyon (2004 og 2005) og engelsk Premier League to gonger med Chelsea (2006 og 2010). Han vart kåra til beste spelar i den franske ligaen i 2005 av det franske spelarforbundet, til årets afrikanske fotballspelar i 2006 av BBC og til årets Chelsea-spelar i 2007. Han var med i Ghana sin tropp til fotball-VM i 2006, men gjekk glipp av fotball-VM i 2010 grunna ein kneskade.
Kategori:Ghanesiske fotballspelarar Kategori:Bastia-spelarar Kategori:Lyon-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014