Midgarth, eller Holm of Midgarth og Linga Holm, er ei folktom øy i Orknøyane i Skottland, om lag 700 meter vest for Stronsay.John Maurius Wilson, The Imperial Gazetteer of Scotland: Or, Dictionary of Scottish Topography, 1854 Namnet Linga Holm kjem frå det norrøne Lyngholm.

Historie Som mange av dei andre Orknøyane finst det mange arkeologiske funn på Midgarth. Desse er mellom anna piktiske hus og gamle steinrøyser.

Øya er ikkje busett i dag, men i 1841 vart det registrert ein familie på seks.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Dyreliv Øya er yngleplass for mange gråsel og eit viktig hekkeområde for grågås.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Midgarth» frå , den 20. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Orknøyane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland