23. august er den 235. dagen i den gregorianske kalenderen (236. under skotår). Det er 130 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Primstaven 23. august vert òg kalla Zakæus. I følgje norske folketradisjonar heitte det nokre stader at om det regna på denne dagen, så ville det vare i fire veker.
Namnedag
Hendingar
Utlandet 1572: Bartolomeusnatta. Natta mellom 23. og 24. august blei 12 000 hugenottar drepne i Paris. 1645: Freden i Brömsebro mellom Danmark-Noreg og Sverige. 1939: Underteikninga av Molotov-Ribbentrop-pakta, ein ikkje-åtaksavtale mellom Tyskland og Sovjetunionen. 1989: Den syngjande revolusjonen: To millionar menneske frå Estland, Latvia og Litauen heldt hverandre i hendene i ei 600 km ubroten lenkje langs hovudvegen frå Vilnius til Tallinn (Den baltiske vegen). «Jernteppet» blei opna på gløtt då ei grenseopning mellom Ungarn og Austerrike blei opna i tre timar. Fleire hundre austtyskarar tok seg over til Vest-Europa. 1990: Armenia erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen.
Noreg 1908: 30 menneske omkom då passasjerskipet «Folgefonnen» grunnstøytte og sokk ved Skånevik. 1918: Stiftinga av Stabekk Private Musikkforening, seinare Stabekk Janitsjarorkester. 1926: Lensmannsmorda. Ved Vågård i Norderhov vart to lensmenn drepne av to lovbrytarar på flukt. 1944: Andre verdskrigen. Sovjetiske bombeåtak øydela store delar av Vardø og Vadsø. 1960: Tokke kraftstasjon i Dalen i Telemark vart opna av statsminister Einar Gerhardsen. 1963: Stortinget vedtok eit mistillitsforslag mot Gerhardsen-regjeringa, som fem dagar seinare gjekk av. 1968: Opninga av Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden ved Oslo.
Fødde
684: Karl Martell, frankisk rikshovmeister (i praksisk konge) 1789: Hanna Winsnes, norsk forfattar 1888: Ivar Asbjørn Følling, norsk lege og kjemikar 1899: Terje Wold, norsk politikar og høgsterettsjustitiarius 1911: Birger Ruud, norsk skihoppar og alpinist. 1924: Edvard Fliflet Bræin, norsk komponist 1930: Rut Tellefsen, norsk skodespelar 1947: Terje Rypdal, norsk musikar 1956: Valgerd Svarstad Haugland, norsk politikar
Døde
1305: William Wallace, skotsk frigjeringshelt 1808: Charles-Augustin de Coulomb, fransk ingeniør og fysikar 1849: Edward Hicks, USA-amerikansk målar 1926: Rudolph Valentino, italiensk skodespelar 1937: Albert Roussel, fransk toneskapar