Thorbjørn Berntsen () i Aker kommune (no Oslo), er ein norsk tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet. Han var i mange år stortingsrepresentant, og var også nestleiar i Arbeidarpartiet. Han var statsråd og sjef for miljøverndepartementet (miljøvernminister) 1990–1997.
Thorbjørn Berntsen var stortingsrepresentant frå 1977 til 1997 for Oslo, men møtte allereie som vararepresentant i 1971. Han blei nestleiar i Arbeidarpartiet i 1989.
Før han blei heiltids politikar arbeidde Berntsen som skipsrøyrleggjar på Nylands verksted i åra 1951-1966, og er såleis ein av dei relativt få sentrale Ap-politikarane i nyare tid som har bakgrunn som industriarbeidar.
Som miljøvernminister blei Berntsen kjend som ein arg motstandar av det britiske atomanlegget Sellafield. Det vekte internasjonal oppsikt då han kalla den britiske kollegaen John Gummer for ein «drittsekk» i samband med ein disputt om sur nedbør og Sellafield-anlegget. Berntsen kom med karakteristikken på norsk, men utsegna blei av engelske aviser omsett med «John Gummer is the biggest shitbag I have ever met».
I fylgje Herbjørn Sørebø var det Berntsen som fyrst nytta omgrepet «å skriva overtid med gaffel».H. Sørebø, Tapte jomfruer, Det norske samlaget, 1987.
I 2006 blei han tildelt æresprisen «Bypatrioten» av Oslo Byes Vel.
Bibliografi Berntsen, Thorbjørn: Atomvåpen og usikkerhetspolitikk, Tiden Oslo 1980 Berntsen, Thorbjørn: Klar tale. Fra dokk til ting, Oslo 1988 Trond Hansen, Stein Bjørge, Yngve Hågensen og Thorbjørn Berntsen: Stemmer fra jernalderen, Schibsted Oslo 2005 Referansar
Bakgrunnsstoff Tor Edvin Dahl: «Bygutten som var fra landet» (intervju med Torbjørn Berntsen), i Tor Edvin Dahl: Oslo - barndommens by, Gyldendal Oslo 2000
Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Statsrådar i Regjeringa Jagland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Politikarar frå Oslo