Mango (Mangifera indica) er eit tre i familien Anacardiaceae som vert opptil 30 meter høgt. Det stammar frå Sør-Asia, der det er ein av dei eldste kulturvekstane, men vert i dag dyrka i dei fleste områda med tropisk klima.
Det finst over 1000 ulike fruktsortar med varierande storleik, utsjånad og bruk. Frukta er generelt saftig, velsmakande og haldbar. Fasongen er rund, oval eller hjarteforma, og skalet kan vere gult, grønt eller raudt. Fruktkjøtet er gult og saftig, med ein godt festa, stor, flat stein. Frukta inneheld mykje vitamin A (meir enn 200 μg retinolekvivalentar per 100 g), og elles om lag 30 mg vitamin C, 156 mg kalium, 82 % vatn og 258 kJ tilført energi per 100 gram etande vare. Ein kan ete henne rå, kokt, sylta eller som chutney, og vert mellom anna brukt som grønsak og frukt.
mini|venstre|Heil og oppdelt mangofrukt
Kjelder
«Mango – treart» i Store Norske Leksikon, henta 27. mars 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sumakfamilien Kategori:Tropisk frukt Kategori:Plantar i India Kategori:Plantar i Pakistan Kategori:Indiske nasjonalsymbol Kategori:Kulturplantar frå Asia