mini|Tortuga sett frå verdsrommet Tortuga (fransk: Île de la Tortue) er ein karibisk øy som ligg nordvest for Haiti og er ein del av det haitiske departementet Nord-Ouest. Øya vart oppdaga av Kristoffer Columbus og namnet tyder «skjelpadde(øya)». På 1600-talet var øya ein fristad for karibiske sjørøvarar.

Øya er 37 km lang og 7 km brei, altså med ei overflate mindre enn 180 km², og utgjer ei tektonisk blokk som skil seg frå området elles.

Historie Tortuga vart oppdaga i 1494, under Kristoffer Columbus si andre ferd til «den nye verda». Sjømennene til Columbus kalla henne Tortuga («skjelpadde») grunna pukkelforma.

Tortuga var opphavleg busett av nokre få spanske kolonistar. I 1625 kom det franske og engelske nybyggjarar til øya etter eigentleg å ha planlagt å busetje seg på Hispaniola. Dei franske og engelske nybyggjarane vart i 1629 angripne av spanjolane under kommando av Don Fadrique de Toledo. Spanjolane lukkast, okkuperte øya og utviste franskmennene og engelskmennene. Då mesteparten av den spanske hæren drog til Hispaniola for å jage vekk dei franske kolonistane der, vende franskmennene tilbake for å ta fortet. I 1630 bygde franskmennene fortet Fort de Rocher. Frå 1630 vart Tortuga delt i franske og engelske koloniar, noko som gjorde til at fleire piratar kunne bruke øya som hovudbase for verksemda si. I 1633 kom dei fyrste slavane fra Afrika for å arbeide ved plantasjane. Den nye bruken av slavar varte ikkje lenge, og slavehandelen vart avslutta i 1636. Slavene var sagt å vere ute av kontroll på øya, og samtidig hadde det vore usemje og konfliktar mellom dei franske og engelske koloniane. I tillegg vende spanjolane tilbake, og hærtok raskt landområda til fiendane før dei drog igjen. Dei såg på øya som for lita til å vere særleg viktig. Dette gav franske og engelske piratar moglegheita til å kome tilbake. I 1638 vende spanjolane nok ein gong tilbake for å ta tilbake øya og fjerne alle franskmenn, i tillegg til nederlendarane som nyleg hadde kome. Dei okkuperte øya, men vart ikkje lenge etter jaga vekk av fiendane.

Kjelder «Tortuga» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 27. mars 2010.

Kategori:Øyar i Haiti Kategori:Øyar i Karibia