Dorney Lake er ein menneskeskapt innsjø i Storbritannia som arena for roing. Han ligg nær landsbyen Dorney i Buckinghamshire og nær byane Windsor og Eton, nær Themsen. Innsjøen er privateigd og finansiert av Eton College, som brukte £17 millionar på å utvikle han. Sjølv om innsjøen hovudsakleg vert nytta av skulen, er fasilitetane gjort tilgjengeleg for rosport i området i tillegg.
Innsjøen skal vere arena for sommar-OL 2012 i roing og kajakk. Dei eksisterande tribunane vert utvida for dette til 20 000 seter, dei fleste berre mellombelse.
mini|Startlinja
Banen på innsjøen er 2000 meter lang med åtte banar, som kvar er 13,5 meter brei. Den minste vassdjupna er 3,5 meter.
Sjå òg Eton College
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dorney Lake» frå , den 28. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Idrettsanlegg i England Kategori:Arenaer under sommar-OL 2012 Kategori:Innsjøar i England Kategori:Olympiske padlearenaer Kategori:Olympiske roarenaer