Guadalajara er den nest største byen i Mexico. Han er delstatshovudstad for Jalisco, og er den største byen i delstaten. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen eit folketal på , medan Guadalajara storbyområde har eit folketal på . Det gjer det til det tredje største byområdet i Mexico.

mini|venstre|Guadalajara og byområdet rundt han har vokse mykje også på 2000-talet.

Byen har namn etter Guadalajara i Spania, fødestaden til conquistadorleiaren Nuño de Guzmán. Han vart grunnlagd i 1542 etter at conquistadorar hadde skipa fleire busetnader i området. På 1700-talet hadde han vokse til den andre største byen i Mexico, etter store migrasjonar til koloniane på 1720- og 1760-talet. Under den mexicanske sjølvstendekrigen skipa sjølvstendeleiaren Miguel Hidalgo y Costilla den fyrste revolusjonære regjeringa i Mexico her i 1810. I 1929 enda Cristerokrigen innanfor bygrensene då president Plutarco Elías Calles utropte Grito de Guadalajara. Byen fortsette å veksa gjennom 1900-talet. Byområdet nådde 1 million innbyggjarar på 1960-talet, og gjekk forbi 3 millionar på 1990-talet. I 2018 gjekk folketalet forbi 5 millionar.

Kjelder

«Guadalajara: by i Mexico» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. juni 2015.

Denne artikkelen bygger på «Guadalajara» frå , den 18. juni 2015 og 6. september 2022.

Bakgrunnsstoff

www.guadalajara.gob.mx

Kategori:Byar i Mexico Kategori:Jalisco