Over Water er eit lite vatn nord i Lake District i England, nær landsbyen Longlands. Sjølv om han berre ligg ein 15-minuttars køyretur frå Keswick er han langt rolegare enn dei meir kjende innsjøane. Binsey, Great Cockup og Longlands Fell ligg kring innsjøen.

Over Water var ein liten naturleg innsjø, som vart demd opp i 1920-åra for å auke kapasiteten. I dag er han drikkevasskjelde for byen Wigton. Demninga ligg i nordenden.

Namnet på vatnet har endra seg over tida. Det vart kalla 'Orre Water' i 1687, som kjem frå det norrøne namnet 'Orri's tarn' som tyder «orrfugl-tjernet».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Over Water» frå , den 30. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Cumbria Kategori:Lake District Kategori:Site of Special Scientific Interest i England Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i England