Lough Beg (frå gælisk Loch Beag) er ein liten innsjø nord for Lough Neagh i Nord-Irland. Innsjøen ligg på grensa mellom County Londonderry og County Antrim.

Church Island ligg i innsjøen og her låg det eit kloster før vikingtida. Om sommaren er det vanlegvis mogeleg å nå øya til fots. På grunn av dei mange sjeldne plantene og trekkfuglane som stoppar her, er området verna som ein del av Lough Beg nasjonale naturreservat.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lough Beg» frå , den 31. mars 2010.

Bakgrunnsstoff Northern Ireland Environment Agency: Lough Beg nasjonale naturreservat

Kategori:County Antrim Beg Kategori:County Londonderry