Dunalastair Water (skotsk-gælisk Loch Dhùn Alastair) er eit reservoar i Skottland som ligg mellom Loch Rannoch og Loch Tummel i Strath Tummel i Perth and Kinross. Reservoaret er bygt i samband med Tummel vasskraftverk. Innsjøen inneheld ein god del aure.

Oversyn Dunalastair Water har eit areal på 1,65 km², og er 2,5 km lang og 800 meter brei. Det vart skapt då elva Tummel vart demd opp i 1933 som ein del av Tummel vasskraftverk. På nordsida ligg fjellet Beinn a' Chuallaich og i sør Schiehallion.

Sjølve demninga er 65 meter brei og har to flaumportar og fleire overløp på grunn av vassmengdene ein stundom treng i elva.

Biologi Dunalastair Water er eit grunt reservoar og har ei middeldjpune på 1,5 meter. Dette gjev unike biologiske tilhøve for fuglar i området, og området kring innsjøen har status som Site of Special Scientific Interest. Av fuglar ein kan sjå ved innsjøen finn ein mellom anna songarar, lauvsongar, røyrdrum, fiskehegre, hegre og fuglekongewww.eremaea.com..

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dunalastair Water» frå , den 31. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Skottland Kategori:Reservoar i Skottland Kategori:Geografi i Perth and Kinross