The Fox and the Hound, kalla Todd og Copper: To gode venner på norsk, er ein amerikansk teiknefilm produsert av The Walt Disney Company frå 1981, basert på boka av Daniel P. Mannix.
Filmen fortel om reven Todd og venskapen hans med jakthunden Copper. Dei to vennene kjempar for å bevare vennskapen til tross for at dei utviklar nye instinkt og det omkringliggjande sosiale presset om at dei skal vere motstandarar. Filmen er produsert av Ron Miller, Art Stevens, og Wolfgang Reitherman, og regissert av Ted Berman og Richard Rich. Ein oppfølgjar til filmen laga for DVD, The Fox and the Hound 2, kom ut i 2006.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Animasjonsfilmar frå Disney Kategori:Disney-filmar Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Familiefilmar Kategori:Filmar frå 1981 Kategori:Filmar frå USA Kategori:Teiknefilmar