Michèle Duvivier Pierre-Louis ()«Préval Nominates Michèle Pierre-Louis for Prime Minister » hjå Haiti Analysis (02.07.2008).«Haitian president Preval names a new prime minister» hjå AFP (23.07.2008). er ein haitisk politikar som var statsminister i Haiti frå september 2008 til november 2009. Ho var den andre kvinnelege statsministeren i Haiti,«Haiti lawmakers ratify 2nd female prime minister » hjå Associated Press (31.07.2008). etter Claudette Werleigh, som sat frå 1995 til 1996.
Pierre-Louis har vore dagleg leiar for Knowledge and Freedom Foundation (FOKAL),«Haitian deputies approve Pierre-Louis for prime minister» hjå AFP (17.07.2008). ein ideell organisasjon som er finansiert av George Soros, sidan 1995. I juni 2008 vart jo utnemnd til statsminister av president René Préval, etter at to andre framlegg frå Préval hadde vorte avslegne av deputertkammeret i nasjonalforsamlinga. Deputertkammeret godkjende henne 17. juli 2008, med 61 stemmer for, éi mot og 20 blanke.«Haitian lower house approves PM nominee» i Xinhua (People's Daily Online; 18.07.2008). Vedtaket vart godkjent i senatet 31. juli, med 12 stemmer for, 5 blanke og ingen imot. I tillegg måtte det politiske programmet og regjeringa hennar godkjennast i deputertkammeret og senatet.«Pierre-Louis in Haiti als Ministerpräsidentin bestätigt» på NZZ Online (01.08.2008).
Préval kunngjorde samansetnaden av den nye regjeringa 25. august 2008, og ved sidan av Pierre-Louis sjølv, var det 17 ministrar, der sju av dei vart med vidare frå den tidlegare regjeringa til Jacques-Édouard Alexis. Pierre-Louis vart utpeikt til minister for rettferd og offentleg tryggleik, i tillegg til statsministerposten. Regjeringa skulle ha vorte innsett 26. august, men dette vart forseinka grunna den tropiske syklonen «Gustav».«Hurricane Gustav postpones installation of Haiti government» av Jacqueline Charles i Miami Herald (26.08.2008).
Ho vart etterfølgd som statsminister av Jean-Max Bellerive i 2009.
Kjelder «Michèle Pierre-Louis» på Wikipedia på engelsk, innhenta 21. mars 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff «The Elites Are Like a Huge Elephant Sitting on Haiti », intervju med Michèle Pierre-Louis av Michael Deibert hjå Inter Press Service.
Kategori:Haitiske politikarar Kategori:Haitiske statsministrar